Temanummer 2/2025: Leik

Temanummer (Tangenten 2/2025)

Tangenten nr. 2/2025 blir eit temanummer om leik. Leik er aktuelt på alle årstrinn, i alle faglege tema, det kan vere frileik, rolleleik, rammeleik, analoge og digitale spel og mykje anna. Redaksjonen i Tangenten inviterer til eit temanummer som inspirerer til meir leik i matematikkundervisninga, til meiningsfull leikande læring.

Temaet er aktuelt fordi det framleis er for lite leik for 5- og 6-åringane i skolen, og det er nok også lite leik vidare i grunnskole, vidaregåande skole og lærarutdanning. Kva plass kan leiken ha og kva kan leikande matematikklæring vere?

Vi inviterer lærarar og andre med greie på barnehage og skole til å sende inn artiklar, gjerne basert på konkrete erfaringar frå skole og undervisning og som får fram elevane sine stemmer.

Vi vil gjerne ha manus på e-post til redaksjonen (tangenten@caspar.no). Maksimal lengde er seks sider, som er om lag 3300 ord med berre tekst. Frist for artiklane er 15. januar 2025. Les meir om retningslinjer for forfattarar her: http://tangenten.no/for-bidragsytere/retningslinjer-for-forfattere/

Vi er også interesserte i vitskapelege artiklar om temaet (altså artiklar som skal bli vurdert av fagfellar), men dette er ein lengre prosess, så slike artiklar vil neppe være klare til nr. 2/2025.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *